Julegaver kan byttes t.o.m 10.januar 2022
Logg inn Ønskeliste Betaling Levering Retur/bytte

Helle alden

Alden er ein mellomstor kniv med eit klassisk design, og gir eit sikkert grep for daglege gjeremål, ute som inne.

Modellen har eit kraftig handtak og passar for medium til store hender. I framkant av det farga masurbjørkeskaftet finn ein to framplater i rustfritt stål som skapar stabilitet, styrke og får kniven til å skine.

Bladet er i 12C27- eit rustfritt stål spesielt utvikla av Sandvik for knivar. Buen på bladet har ein liten "drop" som gjer kniven ideell til både jakt og friluft.

Kniven blir levert med ei slire i brunt vegetabilsk lær med Helle-logoen på og med hempe til oppheng i belte.

Modellen er oppkalla etter øya Alden, som er eit landemerke i sjøen utanfor Dalsfjorden. Øya har i alle tider blitt brukt som eit navigasjonsmerke til sjøs, og på solskinsdagar skin den like klart som kniven.

DetaljarAlden
Vekt145 g
StålSandvik 12C27 - rustfritt stål
Bladtjukkelse3,0 mm
Bladlengde105 mm
KonstruksjonStikktange
SkaftmaterialeMasurbjørk, rustfritt stål, lær
Lengde handtak130 mm
SlirematerialeEkte vegetabilsk lær
DesignerGunnar Lothe
Designår2009
*
*
*