Julegaver kan byttes t.o.m 10.januar 2022
Logg inn Ønskeliste Betaling Levering Retur/bytte

Helle fjellkniven

Sidan Helle starta i 1932 har det alltid vore ein Fjellkniven i vårt sortiment. Idèen bak kniven har alltid vore at det skal vere ein elegant kniv med røtter i norsk natur. Den moderne varianten legg vekt på enkel eleganse, med eit heiltreskaft i masurbjørk og eit høgpolert blad i trelagsstål.

Den enkle elegansen er kanskje grunnen til at Fjellkniven har vore ein av Helle sine største salssuksessar sidan den kom i 1994. Kniven er lett, og skaftet har eit klassisk, ergonomisk snitt i skandinavisk stil med ein liten fingerstopp fremst. Bladet er skinnande blankt og har skandinavisk sliping, noko som fører til at kniven er ein idèell følgesven på tur i fjellet.

Kniven kjem i ei klassisk skandinavisk, cognac-farga lærslire. 

DetaljarFjellkniven
StålLaminert rustfritt trelagsstål - Helle
Bladtjukkelse3,1 mm
Bladlengde101 mm
KonstruksjonStikktange
SkaftmaterialeMasurbjørk og framplate i rustfritt stål
Lengde handtak110 mm
SlirematerialeEkte vegetabilsk lær
DesignerHelle
Designår1994

*
*
*